Karina og Alex med venner

THEM GOOD OLD LADIES

Ella, Billie, Doris, Marlene, Sarah, Marilyn, Nina, Monica...høgt heng dei, og enno blinkar dei! Med sine eineståande stemmer og vidunderlege sceneopptredenar har desse damene vore publikum sine yndlingar gjennom fleirtallige år. Og for unge syngedamer har dei utvilsamt vore ei stor kjelda til inspirasjon!

På scenen har Karina Opdal med seg jazzpianisten Alex Hutton frå London, ein glitrande musiker som Karina har jobba med sidan 2003. Utover desse to har Karina med seg Morten Stang Koppang på trompet og Edvard Mjanger på bass, samt at det kanskje ventar nokre lokale overraskingar...

Sammen vil Karina med vener gle publikum med musikalske perler på ei snor, og slik gje ein hyllest til desse strålande stjernene som i sine leveår satte sine spor! 

 

Billettar til Karina og Alex med venner

  1. Fre 19. jan kl 21:00 250 kr   Hovedsal Konsert Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_