100 songar

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann.

«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55. 

Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.

«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar». 

Framsyninga vert spelt i "black-box" som har eit avgrensa tal plassar. Det er kun plass til 60 stk. på denne intimframsyninga.

AV Roland Schimmelpfennig

OMSETJING Tove Bakke

REGISSØR OG SCENOGRAF Terje Skonseng Naudeer

LYSDESIGN Krystian Myska 

LYD Robert Tomkiewicz

KOSTYMEKONSULENT/REKVISITØR Synnøve Ringdal

Colombine Teaterforlag

MEDVERKANDE

Idun Losnegård

Irene Waage

Jon Ketil Johnsen

Kyrre Eikås Ottersen

Preben Lillebø Rongve

Reidun Melvær Berge

Framsyninga er i Festsalen og vi opnar for sal av forfriskningar kl. 18.00


Billettar til 100 songar

  1. Mån 9. mar kl 19:00 Festsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_