Annie

Annie i Kultursenteret torsdag 21. februar kl. 18.00

"Annie er eit 11 år gamalt barn som bur på New Yorks kommunale barneheim. Her jobbar den grusomme miss Hannigan, som hatar ungane over alt på jord. Ungane må vaske golvet midt på natta, og får aldri servert betre mat enn vassgraut. Annie har difor ein stor draum - å bli henta av foreldra sine. Draumen går kanskje i oppfylling når den snille mr. Warbucks hjelp ho på vegen. Men, er foreldra fortsatt i live? Og kan vi stole på at dei snakkar sant?

10 ungar og ungdommar frå Kvinnherad står på scena i kulturshuset torsdag 21. februar for å gi deg svar på dette. Det blir teater med mykje song og dans, og ein god dose humor og alvor i denne familieførestillinga, som passar for alle mellom 0 og 100 år." 


Billettar til Annie

  1. Tor 21. feb kl 18:00 150 kr   Hovedsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_