Frå Polen til Norge - ein musikalsk reise

POLSK meisterpianist med ny konsert i Kvinnherad kultursenter (Kulturskulen sin konsertsal

 

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk holdt ein
fantastisk Chopin-konsert i Husnes kulturhus i oktober 2018. Det begeistra og
entusiastiske publikummet nærmast krevde å få han tilbake. Og når er han her igjen. 

Greg Niemczuk er født i Polen i 1985 og gekk ut frå
musikkakademiet i Katowice med høyaste utmerkinga. Han har vunnet mange
nasjonale og internasjonale musikkonkurranser: bl.a. førsteprisen i
Chopin-konkurransen i Warszawa i 2010, førsteprisen i den internasjonale
debutantkonkurransen i Carnegie Hall i New York i 2013 og publikumsprisen ved
Den internasjonale musikkfestivalen i Busan Maru i Sør-Korea i oktober 2016. 

Greg Niemczuk har nå hele verda som arena. Han har
spilt i alle verdensdelar og i dei fleste europeiske land. Greg Niemczuk har
holdt årlige konsertar i Norge sida 2010 og er kvart år på to turnéar her i
landet. Årets høst-turné går til 9 kultur- og konserthus. Dette viser at Greg
Niemczuk får stadig større fotfeste i Norge. 

Overalt kor Greg spelar blir han invitert tilbake.
Hovudgrunnen er naturligvis at han er ein så eneståande begava og dyktig
pianist, men også fordi han er en så hyggeleg gut: venneg, open, utadvendt,
alltid smilande, begeistra, glad i mennesker, beskjeden og takknemleg for alt
– elsket og høyt respektert kor enn han kjem. 

Til kveldens program har han henta fram eit knippe
av dei vakreste musikkstykka frå dei to landa som betyr mest for han: Polen
og Norge. Han vil spela kjente verk av bl.a. Grieg, Sinding, Sæverud og av
dei polske komponistane Chopin og Paderewski. 


Billettar til Frå Polen til Norge - ein musikalsk reise

  1. Søn 29. sep kl 18:00 200/100 kr   Konsertsal, Kultursk Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_