Linda Eide : Oppdrag Mottro

Ei personleg jakt i ei felles fortid av og med Linda Eide

Hordaland Teater presenterer: Linda Eide: Oppdrag Mottro

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum på Stord få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre. 


Billettar til Linda Eide : Oppdrag Mottro

  1. Lau 31. aug kl 19:00 395 kr   Kinosal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_