"Mitt nabolag", Christian Stejskal

Dette er Christian Stejskals fargerike og personleg historie frå han si pilegrimsferd til fots frå Wien til Aksum i Etiopia. I denne mulitimediaframsyninga får vi gripande historier, fiolinspel og foto signert Stejskal.

Christian Stejskal er ein norsk kunstnar med base i Kairo i Egypt. Multimedia framsyninga "Mitt Nabolag" er forteljinga om min pilagrimsferd til fots frå hans fødeby Wien, via Jerusalem til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia.  Undervegs på denne reisa så møtte han "Zabaleenerane", Kairos uoffisielle kristne søppelarbeidare i det såkalte "Garbage City" i Kairo. Etter å ha avslutta pilgrimsfeda i Aksum så flytta han inn i Søppelbyen kor han bodde saman med "Zabaleenarane" samstundes som han livnærte seg som fiolinist ved operaen i Kario.

De siste 5 åra har han fotografert livet blant søppelarbeidarane, samstundes som han har skrevet noveller frå Søppelbyen, eit arbeid som har fått støtte frå "Fritt Ord" og "Stiftelsen Thomas Fearnley, Heddy og Nils Astrup".

Publikum vert tekne med på ein fargerik og personleg reise frå Christian sin fødeby Wien til hans liv blant Zabaleenarane i Kario kor han fortel syv forteljingar om syv menneskjeskjebner frå Søppelbyen, samstundes som han viser fotografier på skjerm og spelar Arabisk musikk samt eigenkomponert musikk på fiolin.

Framsyninga vert i Festsalen, småbord og sal av kaffi og kaker.

Døren vert opna kl. 18.30

Varer 90 minutter pluss pause.

_
_
_