Riksteatret: Georgs magiske medisin

Passe rampete teater for heile familien. Også for bestemødre, dersom dei tør!

 

Bestemor til Georg er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogeleg. Georg vil gi henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil senda henne gjennom taket …

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømelig fantasi. Han var alltid på borna si side, og lot aldri eit høve  gå fra seg til å sparka dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøssa. Å bli litt skremt (i alle fall ei lita stund til alt blir bra igjen). Og så le enno meir. Hans utrulege fortellingar har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

 

Når Riksteatret tar Georgs magiske medisin til scenen, engasjerer me regissør og dramatikar Morten Joachim, som også satte opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar fantasien til ungane  på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setja alt på hovudet og slå seg laus på barna sine vegner – heilt og fullt i Roald Dahl sin tradisjon.

 

Høver for barn frå 5 år.

 

 

På scenen: Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.

 

Dramatikar, Regissør: Morten Joachim. Kostymedesignar, Scenograf: Gjermund Andresen. Lysdesignar: Øystein Heitmann. Komponist: Gunnar Eiriksson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

 

Framsyninga varer i 2 timar (inkludert pause).

 

Premiere: Oslo / Nydalen 4. oktober 2018

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater

 

Billettar til Riksteatret: Georgs magiske medisin

  1. Ons 6. mar kl 18:00 Hovedsal. Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_