Adam Douglas

Om arrangementet

Adam Douglas tar med seg verdas minste største band og riggar til intimkonsert i Festsalen. Barsal. 18år

Adam tar med seg den store stemma, nokre gitarer og ein syngende trommeslagar, Torjus Nevland, på vegen i 2025. Saman serverer dei utvalde låtar fra Adams katalog, nokre splitter nye låtar og sjølvsagt nokre heilt unike versjonar av kjende klassikarar. To fine fyrar lagar verdas minste største band! Det vert tett på fortel Adam: “Vanligvis på konsert kan man oppleve stor avstandmellom publikum og artist. En tydelig grense, nesten som et usynlig gjerde. Det skal vi prøve så godt vi kan å fjerne! Jeg vil gjerne invitere publikumet inn til oss.” Det blir dugg på brillene og god klubbstemning gjennom heile landet, når Adam og hans medmusikant inviterer til konsertar våren 2025! Gjennom 2024 kjem det låtar som perler på ei snor, og nytt album kjem våren 2025.