Personvernerklæring

1 Innleiing

Husnes kulturhus ("me") er opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis me behandlar personopplysningane dine. I denne personvernerklæringa forklarar me difor kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis me brukar denne informasjonen og korleis vi tek omsyn til personvernet ditt. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan bli knytt til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan til dømes vere namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser. Bruk av personopplysningar må følgje personopplysningslova. Me, som ansvarleg for handsaminga av dette, vil sørge for at me brukar personopplysningar om deg i samsvar med reglane i lova.

2 Kva personopplysningar har me om deg

Avhengig av kva informasjon du gjev oss, korleis du brukar tenestene våre, og kva samtykke du gjev oss, har me desse opplysningane om deg:

  • Opplysningar om deg: Informasjon du oppgir når du opprettar ein brukarkonto eller tingar billettar, som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du kan velgje å gje oss meir informasjon om deg sjølv, som kjønn og bursdagsdato.
  • Kjøpsinformasjon: Informasjon me får når du kjøper billettar hjå oss, som kva du har kjøpt, kortnummer og betalingsmetode (f.eks. Visa). Om du har brukarkonto hjå oss vil du få oversikt over dei tidlegare kjøpa dine i din brukarkonto.
  • Kommunikasjon: Informasjon du gjev oss når du har kontakt med kundesenteret vårt, som epostar sendt mellom oss.
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Informasjon me får når du brukar nettsida og appen vår, som kva type eining du har (t.d. mobil eller PC), IP-adresse, kva sider du besøkjer og kva funksjonar du brukar der.
  • Opplysningar frå partnarar: Informasjon me får frå samarbeidspartnarane våre, som leverandøren av billettsystemet, dialog exe as. Partnarar gjev oss informasjon om kva teaterforestillingar, konsertar, kinoar og andre forestillingar du har besøkt.
  • Profileringsopplysningar: Informasjon og teoriar me lagar automatisk basert på dei andre opplysningane (nemnt ovanfor) me har om deg, som preferansar og interesser og kva demografiske grupper du tilhøyrer, med mindre du har motsett deg dette.

3 Kva brukar vi personopplysningane til

Me brukar personopplysningane dine til følgjande formål:

  1. Tilby nettside og app: Me brukar opplysningar for å tilpasse nettsida og appen vår til det tekniske utstyret du brukar. Me kan også bruke opplysningane til å tilpasse innhaldet på nettsida og appen vår til kva me trur du er interessert i.
  2. Gjennomføre billettbestillingar: Me brukar opplysningar for å gjennomføre ditt kjøp av billettar, m.a. for å sende deg billettane, motta betaling og lagre kjøpshistorikk.
  3. Opprette brukarkonto: Me brukar opplysningar dersom du opprettar brukarkonto, m.a. for å gje deg tilgang med brukarnamn og passord, for å lagre kontaktinformasjonen og betalingsinformasjonen din, og for at du kan sjå din eigen kjøpshistorikk.
  4. Kundeservice: Me lagrar opplysningar som du gjev og mottek dersom du har kontakt med oss for å yte service og administrere kundetilhøvet ditt.
  5. Statistikk: Me utarbeider statistikk og kartlegg marknadstrendar for å forbetre og vidareutvikle produkta og tenestene våre. Så langt det er mogleg gjer me dette med anonyme opplysningar, utan at me veit at informasjonen er knytt spesifikt til deg.
  6. Marknadsføring: Me brukar kontaktinformasjonen din (t.d. telefonnummer og epostadresse) til å sende deg tilrådingar og informasjon om forestillingane våre. Me kan bruke profileringsopplysningar for å gjere tilrådingane og informasjonen mest mogleg relevant for deg, med mindre du har motsett deg dette. Dersom du ynskjer det, vil me også sende deg tilrådingar og informasjon om samarbeidspartnarane våre sine forestillingar.
  7. Det rettslege grunnlaget for formål 1, 4 og 5 er interessa me har for å kunne tilby, vidareutvikle og marknadsføre tenestene våre.
  8. Det rettslege grunnlaget for formål 2, 3 og 4 er for å oppfylle kontrakten me har med deg.
  9. Det rettslege grunnlaget for formål 5 kan også vere ditt samtykke, dersom du har gjeve oss dette. Det kan vere nødvendig for å sende deg marknadsføring dersom du ikkje lenger har brukarkonto hjå oss, eller dersom me sender deg marknadsføring om forestillingane til samarbeidspartnarane våre.

4 Kven deler me personopplysningar med

Me deler personopplysningar med selskap som leverer tekniske og administrative tenester til oss, slik som IT-leverandørar. Me har avtaler med desse for å sikre personvernet ditt. Me kan utlevere opplysningar i enkelttilfelle, til dømes til offentlege myndigheiter, ved mistanke om lovbrot. Dersom du samtykkjer, kan me dele personopplysningane dine med samarbeidspartnarane våre som det står i samtykket ditt. Dette kan t.d. vere konsertpromotørar, teaterpromotørar og andre teater og kinoar, slik at dei kan sende deg tilrådingar og informasjon som er relevante for deg, eller slik at dei kan foreta eigne marknadsanalyser og tenesteutvikling. Me nyttar oss av IT-leverandørar utanfor EØS. Viss me overfører personopplysningar ut av EØS, sørger me for å sikre personvernet gjennom inngåing av kontraktar. Du kan be om meir informasjon eller ein kopi av sikkerheitsmekanismane me brukar for å sikre overføringa av opplysningane. Me kan for øvrig dele anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for t.d. marknadsanalyser og tenesteutvikling.

5 Kor lenge lagrar me personopplysningar

Me lagrar opplysningar om deg, berre så lenge det er nødvendig for å oppnå formålet dei vart innhenta for, eller dersom me er pålagt å lagre opplysningane. Opplysningane vil bli sletta eller anonymisert når dei ikkje lengre er nødvendige for å oppnå formålet. Under er ei oversikt over kor lenge me lagrar opplysningane dine:

  • Opplysningar om deg: Dersom du har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller viss du har vore inaktiv i over 12 månader. Dersom du ikkje har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane tre månader etter forestillinga fann stad med mindre du ber oss om å lagre opplysningar til neste kjøp.
  • Kjøpsinformasjon: Dersom du har brukarkonto hjå oss, lagrar me kjøpshistorikken din (oversikt over kva konsertar, kinoforestillingar, teaterforestillingar etc. du har bestilt billettar til) i 12 månader i brukarprofilen din. Me slettar kortnummeret ditt tre månader etter forestillinga fann stad, med mindre du ber oss om å lagre opplysningane til neste kjøp. Me lagrar transaksjonar og betalingsinformasjon i 5 år i samsvar med bokføringslova.
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Me lagrar informasjon om bruken din av nettsidene våre i opptil 6 månader.
  • Opplysningar frå partnarar: Me lagrar eventuell informasjon frå samarbeidspartnarar så lenge du har ein aktiv brukarkonto hjå oss eller så lenge du har samtykka. Me vil slette opplysningane dersom du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i 12 månader.
  • Kommunikasjon: Me lagrar kommunikasjon med kundane våre i tre år, med mindre me treng å lagre det lenger, t.d. i samband med klager eller krav.
  • Profileringsopplysningar: Dersom du har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i over 12 månader. Me vil slette opplysningane tidlegare viss du motset deg å bli profilert.

6 Rettane dine

Du kan ha rett til å be oss å:

  • Gje deg ytterlegare informasjon om korleis me behandlar personopplysningane dine.
  • Gje deg ein kopi av personopplysningar om deg.
  • Oppdatere personopplysningane dine.
  • Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å oppbevare.
  • Begrense eller stoppe handsaminga av opplysningane dine.
  • Motsetje deg automatiske individuelle avgjersler, inkludert profilering.
  • Gje deg opplysningar du har gjeve til oss i eit strukturert, alminneleg nytta og maskinlesbart format eller, der det er teknisk mogleg, be oss om å overføre desse til ei annan verksemd.
  • Trekkje attende eventuelle samtykkjer du har gjeve oss.

Ver klar over at det finst avgrensingar i desse rettane. Ta gjerne kontakt med oss dersom du vil ha meir informasjon om dette. Dersom du meiner at me behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil me gjerne at du kontaktar oss slik at me kan svare på spørsmåla dine eller oppklare eventuelle misforståingar.

7 Cookies

Me bruker cookies på nettsidene våre for å sikre funksjonalitet på nettsida, analysere nett-trafikk og sjå kva område på nettstaden vår du har besøkt. Ver venleg å lese cookiepolicyen vår for meir informasjon.

8 Endringar i personvernerklæringa

Me vil kunne oppdatere personvernerklæringa frå tid til annan. Du vil få beskjed om relevante endringar. Du vil alltid finne siste versjon av personvernerklæringa vår på nettsida/appen.

9 Kontaktinformasjon

Dersom du ønskjer å komma i kontakt med oss, kan du nytta følgjande kontaktinformasjon:
Kontaktperson: Ágúst Magnússon, einingsleiar
Telefonnummer: 902 83 243
E-postadresse: kulturhuset.husnes@kvinnherad.kommune.no
Adresse: Sentrumsvegen 37, 5460 Husnes