Team Bachstad

Om arrangementet

Team Bachstad til Husnes! Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV- sjåarar pa? ei rekke reiser verda rundt – alltid pa? utradisjonelt vis.

TEAM BACHSTAD TIL HUSNES! 
 
Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV- sjåarar pa? ei rekke reiser verda rundt – alltid pa? utradisjonelt vis. 10 sesonger har sa? langt ga?tt pa? NRK1.  
Sommaren 2024 sendte NRK sesong 10 på nrk.no med veldig høge sjåartal – seinare hausten fulgte ni episodar fra deira reise i Japan på NRK1.   
Sesong 11 blei spelt inn tidlegare i år – sørlige Afrika blei kryssa på langs! Som i fjor kjem denne på nrk.no til sommaren og linjert på NRK1 utpå hausten. 
 
Na? fa?r publikum moglegheita til a? oppleva Team Bachstad «live»! I samarbeid med NRK inviterast det til eit talk-show kor publikum blir med i ein halvannan time lang reise i levande live, med humor, filmklypp og historiar som ikkje kom med i programma!  
 
Duoen, som også står bak jule- og påskenøttene på NRK, kjem til Kvinnherad Kultursenter 8.november 

Deira ti sesongar på NRK (https://tv.nrk.no/serie/team-bachstad) starta med ei reise i ein veteran-brannbil til Mongolia.  I sesong to kryssa dei India på tvers i auto rickshaw.  Deretter venta ei kryssing av det søramerikanske kontinent i ein godt brukt bruktbil! 
I sesong fira la dei ut på en tur fra sør til nord i Finland i to knøttsmå varemopeder.  Den femte sesongen ble tilbrakt i Indokina i ein utrangert Land Cruiser som Forsvaret skulle gi til Norsk Folkehjelp i Kambodsja.  
Sesong seks drog dei i østerled.  I en 34 fots motorbåt skulle dei sigla på elvar fra St Petersburg gjennom Russland, Hviterussland, Ukraina, over Svartehavet med Istanbul som mål.  Også i sesong sju forflytta dei seg i det våte element når dei besøkte ein del øyar i Karibia. 

Koronaen satte en stoppar for å reisa utenlands i 2020 – då blei løysinga å dra Noreg på langs i ein elektrisk postbil. Den neste sesongen starta i Portugal og skulle enda opp i Vladivostok heilt aust i Russland – rett etter avreisa starta krigen i Ukraina og reiseruta måtte brått endras!  I jubileumssesongen krysset dei Japan på langs.